På ettermiddagen tysdag 9. april 1940, berre nokre timar etter angrepet på Noreg, kalla okkupasjonsmakta inn til ein pressekonferanse der dei presenterte ei rekkje nye militære grunnsetningar for norske aviser.
Seinare følgde òg innhaldskontroll og sensur. Langt dei fleste redaksjonane tilpassa seg det nye regimet, og reagerte elles overraskande lite. Samstundes vaks ei illegal presse fram, og på hemmelege radioar lytta folk til «stemma frå London».
Journalistikk som motstand og makt er utgangspunkt for samtalen mellom historikar og pressemann Hans Fredrik Dahl og journalist og historikar Bjørn Westlie, når dei møtest til samtale om norsk presse under 2. verdskrig.
SIKRE DEG PLASS PÅ NASJONALBIBLIOTEKETS ARRANGEMENTER
Et begrenset antall gratisbilletter legges ut i forkant – se lenke i eventet eller på nb.no. Det vil alltid være flere plasser tilgjengelig i døra ved arrangementstart.
Gratis forhåndsbilletter sikrer plass (unummerert) i salen for arrangement ved oppmøte senest ti – 10 – minutter før arrangementsstart.
ARRANGEMENTET ER KNYTT TIL UTSTILLINGA «JOURNALISTIKKEN – FRIDOMENS SJANGER? A.O. VINJE OG NORSK PRESSEHISTORIE»
«Journalistiken begynder med den moderne Civilisation; Friheden fostrede og beskyttede den, og i de Lande, hvor der ingen Frihed er, der er heller ingen Journalistisk; dens Historie er saaledes de enkelte Folks politiske Frihedshistorie». Slik definerer Aasmund Olavsson Vinje journalistikken i den fyrste av fem artiklar om journalistikk i Drammens Tidende januar 1851. Vinje skreiv korrespondansar frå Kristiania i Drammens Tidende i ei årrekkje, før han skipa si eiga avis Dølen i 1858.
I utstillinga Journalistikken –fridomens sjanger? ser Nasjonalbiblioteket nærare på verdien til den frie pressa i norsk offentlegheit dei siste hundreåra. Inspirert av Vinjes programartiklar om journalistikk, og hans journalistiske praksis og kritiske tenking rundt den norske ålmenta på 1800-talet, syner utstillinga nokre av pionerane og dei mest sentrale hendingane i norsk pressehistorie.
Program
4.4. kl. 14 | A.O. Vinje i Drammens Tidende. Fagseminar
5.4. kl. 19 | Retten til å publisere. Knut Olav Åmås, Guri Hjeltnes, Ketil Lund og Trond Haugen om pressefridomens grenser
19. 4. kl. 19 | «Galskab’ er Sandhed, saalænge den bestaar». Historia om fake news ved Trond Haugen
25.4. kl. 19 | Motstand og makt. Hans Fredrik Dahl og Bjørn Westlie om norsk presse under krigen
27.4. kl. 18 | Tvisynt og framsynt. Ane Farsethås, Olav Vesaas, Ottar Grepstad og Arnhild Skre om A.O. Vinje
26.5. kl. 14 | Vinjesong. Aasmund Nordstoga, Åsmund Reistad og Olav Vesaas