4
des

Mennesket vs. maskin. Kunstig intelligens i fiksjon og framtid

Bilde av Stenvik og Zarkadakis
Tirsdag 4. desember 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Skynet, Matrix, Ultron, Eradicator, Cylons, HAL 9000. Mengda kunstige intelligensar i populærkulturen si historie fortel noko om kor lenge, og kor djupt, vi har late oss fascinere av å skape liv som liknar oss sjølve. Kva seier desse forteljingane oss om skilnaden mellom mennesket og maskina? Og kva skjer om robotane vi skaper, vert smartare enn oss?

I boka In Our Own Image søker vitskapsformidlar og kunstig intelligens-ekspert George Zarkadakis etter svara i alt frå gamle myter, via Frankenstein til Blade Runner, og han argumenterer for at vi er på veg inn i ein ny industriell revolusjon. Kanskje er den største faren med kunstig intelligens at den skal ta frå oss det som gjer oss menneskelege?

Forfattar og journalist Bår Stenvik skriv om kunstig intelligens i mellom anna sin kritikarroste roman Informasjonen. No møter han Zarkadakis, som er ein av innleiarane ved AI-konferansen «Fantastic Futures», til samtale.