Handverksfestival
14
sep

Medisin og magi i mellomalderen

Lørdag 14. september 2024, at 12:00 – 13:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Ingen påmelding

Karoline Kjesrud frå Kulturhistorisk museum held foredrag om urtemedisin, bønn og eidar.    

Mennesket har alltid ønskt seg eit langt liv i ein frisk kropp, og prøvd å finne kurar mot sjukdom og oppskrifter på den gode helsa. Kunnskap om planter og korleis ein bruker dei, har blitt forvalta og nedskrive gjennom historia. I Norden i mellomalderen var mat og medisin gjerne to sider av same sak, og folketru og religion spelte også ei viktig rolle.  

Kjesrud forskar på historia til nyttevekstane gjennom norrøne medisinbøker og sogelitteraturen, men også gjennom og helgenbilete, arkeologiske og kunsthistoriske gjenstandar som ete og drikkereiskaper.   

Foredraget er ein del av Nasjonalbiblioteket sin årlege handverksfestival. Sjå resten av programmet her!

Du treng ikkje billett, og arrangementet er gratis. Vil du sikre deg plass i salen, bør du likevel vere tidleg ute. Vi strøymer foredraget i ein annan sal på huset om det blir fullt.   

Velkomen!