Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck gir i år ut Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes landslov, ei etterlengta, tekstkritisk utgåve som legg til rette for ny forsking fram mot Landslovjubileet i 2024. Utgjevarane og sentrale aktørar i Landslovprosjektet deltar. Boka er trykt i serien Norrøne tekster frå Riksarkivet. Nasjonalbiblioteket vil i høve dagen gi ei spesialframsyning av landslovsmanuskript frå mellomalder og tidleg nytid, deriblant Codex Hardenbergianus, handskriftet som no er i Noreg på utlån frå Danmark.
Program
13.00 Velkommen ved Aslak Sira Myhre, Nasjonalbiblioteket, og Inga Bolstad, Arkivverket.
13.30 Magnus Rindal, norrønfilolog og utgjevar: Handskriftene av landslova.
13.45 Bjørg Dale Spørck, norrønfilolog og utgjevar: Landslov-utgaven 2018 – noen edisjonsfilologiske valg.
14.00 Erik Opsahl, professor i historie: «St. Olavs lov og vår hellige lovbok». Landslovens betydning for et norsk samfunnsfellesskap.
14.15 Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie: Landslova og den juridiske diskursen på 1200- og 1300-talet.
14.30 Spørsmål frå salen og mulighet for å sjå på materialet.
15.00 Avslutning.
Arr: Arkivverket i samarbeid med Nasjonalbiblioteket