Anne Sverdrup-Thygeson, Hanan Abdelrahman og Kaja Schjerven Mollerin
I skogane som omgir Oslo, og andre norske storbyar, finst eit rikt plante- og dyreliv som har vore til glede, ettertanke og inspirasjon for generasjonar av turglade menneske. Kva kan ein seie om artsmangfaldet i Oslomarka? Om soppen, mosen, insekta og blomane? Korleis og korfor har landskapsvernområda i marka blitt bestemt? Og korleis ser eigentleg ein urskog ut?
Anne Sverdrup-Thygeson er professor i bevaringsbiologi ved NMBU, og har skrive fleire bøker om insekt og naturen. Hanan Abdelrahman er styremedlem i WWF, turentusiast og blei kåra til Årets villmarking 2021. Dei møter kritikar Kaja Schjerven Mollerin til samtale.
HISTORIEN OM OSLOMARKA – ein arrangementsserie
Ein skal ikkje leite lenge før ein finn spor av menneskeleg aktivitet i naturområda rundt Oslo. Oslomarka er eit ynda friluftsområde, vinter som sommar, med milelange skiløyper, markahytter og rike dyre- og planteliv. Men korleis starta eigentleg dette eventyret? Når blei markene ein stad for rekreasjon og friluftsliv, vern og ivaretaking, snarare enn ein økonomisk ressurs med utvinning av kull, malm og trevirke? Og kva slags idéhistoriske strøymingar har lege bak?
Nasjonalbibliotekets programserie Historien om Oslomarka tar deg med inn i skogen og bakover i tid. Gjennom fire arrangement ser vi nærare på utviklinga av det som i dag er eit friluftseldorado.
Program:
Ons 9. februar kl. 19: Markas fremvekst
Ons 2. mars kl. 19: Marka og den gamle industrien
Tors 7. april kl. 18: Marka og litteraturen
Ons 27. april kl. 19: Livet i marka
***
Arrangementet er gratis og ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Billettar blir tilgjengelege 14 dagar før arrangementet finn stad.
Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikkje billett for å sjå den digitale sendinga.