2
okt

Kva er ei illustrert bok?

Utsnitt av gammel bok
Onsdag 2. oktober 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Vilborg Stubseid Hovet, Einar Økland og Martin Egge Lundell

Frå sagalitteraturen og fram til i dag har vi nytta bilete for å illustrere og tolke litterære tekstar. Ein god illustrasjon kan forsterke eller gje djupare meining til teksten, og kaste lys over nye sider ved verket. Korleis har forholdet mellom ord og bilete utvikla seg gjennom historia? Og er den illustrerte skjønnlitteraturen for vaksne no i ei ny bløming?

Forfattar og bokhistorikar Vilborg Stubseid Hovet har i bøker som Den illustrerte boka. Historia om norsk bokillustrasjon og Kva er ei bok? undersøkt korleis tekst og illustrasjon spelar saman. Forfattar Einar Økland har i fleire tiår samla på, og skrive om, illustrert litteratur og biletet som kulturuttrykk. No møter dei formgjevar og professor ved KHIO, Martin Egge Lundell, til samtale om den illustrerte boka.

Arrangementet er del av programmet knytt til utstillinga «Lause typar og stramme bind. Norske, trykte bøker i 500 år» som opnar 19. september.

Gratisbillettar er tilgjengelege på nb.no frå 18. september.