Handverksfestival
24
sep

Knivane og romanikulturen – samtale og konsert med Elias Akselsen

Bildet viser en kniv og en slire i typisk hedenberg-stil. Sliren har et pent mønster, mens kniven har mønster langs skaftet, som er av en mørkebrun tresort.
Typisk Hedenbergkniv. Foto: Anno Glomsdalsmuseet Latjo Drom
Søndag 24. september 2023, at 15:00 – 16:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Knivane og romanikulturen
Gratis
Ingen påmelding

«Du var ikke tater hvis du ikke hadde kniv», meiner Elias Akselsen. Han er kjend som songar og artist, men har òg blitt ein ivrig knivmakar på fritida. I verkstaden får han eit kjærkome avbrekk frå spelejobbar og artistliv, og han ønskjer å heidre forfedrane sine med å lage knivar på denne måten.  

Elias Akselsen er kjend som ein særprega formidlar av songtradisjonar frå romanikulturen, men han har òg blitt ein ivrig knivmakar. Kniven er eit viktig symbol for romanifolket, både som kunsthandverk og salsvare, og Elias seier han ønskjer å heidre forfedrane sine med å lage såkalla taterknivar.  

 Men kva er det som skil dei frå tradisjonelle norske knivar eller sameknivar? Og kven er dei som har skilt seg ut som eksepsjonelle handverkarar i denne kulturen? Tidlegare NRK-journalist Nina Stensrud Martin møter Elias Akselsen, knivsamlar Roger Johansen og konservator ved Glomdalsmuseet Mari Møystad til ein samtale om kulturarv og knivtradisjonar blant romanifolket.    

Etter intervjuet blir det minikonsert, der Elias Akselsen får selskap av trekkspelvirtuos Stian Carstensen.    

Arrangementet er gratis og blir strøyma direkte.

Her finn du informasjon om heile programmet for handverksfestivalen!

 Velkommen!