20
mar

Høtt sa du? Linda Eide, Arne Torp, Tor Erik Jenstad & fleire

Tirsdag 20. mars 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

LINDA EIDE | ÅSE WETÅS | ARNE TORP | TOR ERIK JENSTAD | MARIAN SAASTAD OTTESEN | FRANK KJOSÅS

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå.

Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. Fredagar på 80-talet sat vi klistra til tv-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga…». No blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar og Åse Wetås domar. Og på kvart sitt lag får dialektekspertane Arne Torp og Tor Erik Jenstad med seg skodespelarane Frank Kjosås og Marian Saastad Ottesen for å konkurrere med kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokopar og kløyvd infinitiv.

Arr: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket