Jørn Øyrehagen Sunde og Hilde Alice Bliksrud
Det første kjende forbodet mot likekjønnsseksualitet i Europa kom med den norske Gulatingsloven, som vart nedskriven om lag 1170. Her vart to menn som låg med kvarandre, dømde fredlause. Korleis blei loven handheva? Dei nedskrivne sagaene fortel oss om samfunnsliv og viktige enkeltpersonar frå den same tida. Korleis kjem mellomaldermenneskets syn på kjønnsidentitet og skeiv kjærleik fram i sagaene?
SKEIVT KULTURÅR 2022 – utstilling og formidlingsprogram
I 2022 markerer Nasjonalbiblioteket Skeivt kulturår. Fram til 1972 var det forbod mot seksuell omgang mellom menn i Noreg. At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut kjønnet vårt som vi vil, er resultatet av kampar på ulike arenaer. I utstillinga Stoltheit og fordom, viser Nasjonalbiblioteket materiale frå Riksarkivet og eiga samling, forteljingar om skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg. I ei rekke arrangement i vinter, ser vi nærare på nokre av forteljingane frå den skeive kulturhistoria, og på det skeive i mellom anna popkulturen, forskjellige epokar av Noregshistoria og i språket vårt.
Arrangementsprogram:
Tors 3. feb kl. 19: Petronelle Nielsen – Noregs Gentleman Jack
Tirs 15. feb kl. 13: Kilder til skeiv historie – Fagseminar
Tors 17. feb kl. 19: Melodi Grand Prix – Hvordan ble det en homohappening?
Tors 3. mars kl. 19: Homofili og kjønnsidentitet i mellomalderen
Tors 10. mars kl. 19: Skeiv ordhistorisk aftan
Lør 19. mars: Skeiv filmdag
Fre 1. april kl. 19: Larger than life – Om norsk draghistorie
***
Alle arrangementa er gratis og opne for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Billettar blir lagt ut 14 dagar før arrangementet finn stad.
Arrangementa blir strøymde direkte på nb.no og på Facebook. Dei vil også vere tilgjengeleg i vårt arrangementsarkivet i etterkant. Ein treng ikkje billett for å sjå dei digitale sendingane.