28
nov
Framtida på NRK. To frittståande episodar frå NRKs «Science fiction»-serie frå 1970-71
Onsdag 28. november 2018, at 20:30 – 22:00
Nasjonalbiblioteket
«Sorte var de, med gullskimrende øyne» (1970–71) 26 min: Ei forteljing av Ray Bradbury, dramatisert av Bing og Bringsværd. Familieliv på Mars . Ein rakett blir bygd for å kome tilbake til jorda. Innbyggjarane får meir og meir gullskimrande auge, og dei blir mørkare og mørkare – og svarte. Fyrste gong send: NRK, søndag 10. januar 1971.
«Med rett til å drepe» (1971) 35 min: Ei forteljing av William Tenn. Dramatisert av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd. Korleis handlar ein når ein på forskot har sona ein drapsdom og slik blitt herre over liv og død? Blir hemna søt? Fyrste gong send: NRK, søndag 14. februar 1971.
Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film».