Fosseforedrag og -pris
24
apr

Fosseforedraget og Fosseprisen 2025. Følg direktestrøyming frå Slottet

To menn på grønn bakgrunn
Filosof Jean-Luc Marion (foto: Gorm K. Gaare), og forfatter Hinrich Schmidt-Henkel (foto: Ebba D. Drolshagen)
Torsdag 24. april 2025, at 16:00 – 17:00
Nasjonalbiblioteket
Fosseforedraget og Fosseprisen 2025: Direktestrøyming frå Slottet:

Den franske filosofen Jean-Luc Marion held det første Fosseforedraget i historia, og den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel tek imot Fosseprisen for omsetjarar. Regjeringa har oppretta foredraget og prisen for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse.     

På Nasjonalbiblioteket kan du sjå heile seremonien frå Slottet, der Fosseforedraget og Fosseprisens høge beskyttar HKH Kronprinsesse Mette Marit ønskjer velkommen. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery held tale, og musikar og komponist Anja Lauvdal framfører eit bestillingsverk for kyrkjeorgel. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre leier seremonien på Slottet.  

Jean-Luc Marion er ein av dei største nolevande tenkjarane i Europa, og er særleg oppteken av tema som kjærleik, kunst og Gud som fenomen. Dette første Fossefordraget har fått tittelen Creation/ Skaping  og er til sals på nynorsk, engelsk og fransk i bokhandelen vår.

Hinrich Schmidt-Henkel har omsett mange norske verk til tysk, mellom anna av Ibsen, Vesaas, Askildsen, Løveid, Lillegraven og Fosse. Han blir heidra for evna til å gjenskape den språklege rikdommen i nynorsk og bokmål til tysk og for godt arbeid med å løfte fram norsk litteratur og dramatikk i utlandet. Prisen blir overrekt av H.K.H. Kronprinsessa.  

Dørene til Målstova opnar ein halvtime før start. Det er førstemann til mølla for å få plass, og blir det fullt, får du plass i ein annan sal med strøyming til storskjerm. 

Arrangementet blir også strøymt på nettet.
      
Nasjonalbibliotekbaren ved CREDO held ope. Der får du servert mat og drikke forankra i norsk matkultur. Det er tillate med mat og drikke i arrangementssalane på biblioteket.    
      
Velkomen!    

Følg direktestrøyming frå Slottet her!