Ein samtale om kunst og skaping. Margreth Olin intervjuar Jean-Luc Marion

Skaping er for den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion uløyseleg knytt til Gud. I det nyskrivne Fosseforedraget Skaping har han undersøkt korleis kunsten og litteraturen blir til.
Skapinga, som verda kjem frå, kan og må ikkje bli forstått ut frå noko som helst som høyrer til verda.
For å snakke med Marion om kunsten og kvifor han er så viktig for oss, kjem filmskapar og forfattar Margreth Olin. I fleire av verka sine tematiserer Olin den store krafta som finst i naturen og mellom menneske, spørsmål som dei begge er opptekne av.
Jean-Luc Marion (f. 1946) sit som ein av dei udøyelege i Académie française og er professor emeritus ved Sorbonne og universitetet i Chicago. Marion har gitt ut ei rekkje bøker, mellom anna God without Being (1982) og sist Revelation Comes From Elsewhere (2024), som mange omtalar som eit meisterverk.
Margreth Olin (f. 1970) har gjort seg kjend gjennom filmar som Dei mjuke hendene (1998), Engelen (2009) og Fedrelandet (2023). Ho har teke imot ei rekkje prisar for fleire av filmane sine, der auget hennar for det vesle mennesket i den store verda blir løfta fram som ein særleg kvalitet. Nyleg gav ho ut den kritikarroste romanen Song til mor – ei bok om kjærleiken til foreldra sine, kunsten og naturen.
Arrangementet er gratis, og du kan hente ut billett her. Arrangementet vil vere på engelsk. Klokka 19 same kveld les vi foredraget til Marion i fellesskap – sjå meir her: Vi les Fosseforedraget 2025 | Nasjonalbiblioteket
Dørene til Målstova opnar ein halvtime før start. Det er førstemann til mølla for å få plass, og blir det fullt, får du plass i ein annan sal med storskjerm. Arrangementet blir også strøymt på nettet.
Nasjonalbibliotekaren ved CREDO held ope. Der får du servert mat og drikke forankra i norsk matkultur. Det er tillate med mat og drikke i arrangementssalane på biblioteket.
Velkomen!
For French philosopher and theologian Marion, creation is inextricably linked to God. In his newly written Fosse Lecture, “Creation”, Marion has explored how art and literature are created.
–Creation, from which the world originates, cannot and must not be conceived by anything that belongs to the world.
Coming to speak with Marion about art, and why it is so important to us, is filmmaker and author Margreth Olin. In several of her works, Olin addresses the great power present in Nature and between human beings – a matter in which they are both keenly interested.
Jean-Luc Marion (1946) is a permanent member of the Académie française and Professor Emeritus at Sorbonne and the University of Chicago. Marion has published a number of books, including God Without Being (1982) and most recently Revelation Comes From Elsewhere (2024), widely considered a masterpiece.
Margreth Olin (1970) is noted for films such as The House of Angels (1998), The Angel (2009) and Songs of Earth (2023). She has received a number of awards for several of her films, acknowledging as a particular quality her eye for the small human being in the great world. She recently published the acclaimed novel Song til mor – a book about her love for her parents, art and Nature.
The event is free, and tickets are available here. The event will be held in English.
At 19:00 the same evening, we will read Marion’s lecture together. For details, please see: Vi les Fosseforedraget 2025 | Nasjonalbiblioteket
The venue, Målstova, will open half an hour before the event. Tickets are issued on a first come, first served basis, and if the venue is filled, you will be able to watch on a large screen in another room. The event will also be streamed online.
The bar and restaurant, Nasjonalbibliotekbaren ved CREDO, will be open, serving food and beverages deeply rooted in Norwegian food culture. It is permissible to bring food and drink into the event halls at the National Library.
Welcome!