Handverksfestival
23
sep

Foredrag: Muraren si norgeshistorie

En mann med arbeidsklær står foran en struktur med murstein
Øyvind Buset Foto: Ukjent
Lørdag 23. september 2023, at 12:30 – 13:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Muraren si norgeshistorie
Gratis
Ingen påmelding

Då mangeårig murar og dagleg leiar i Norsk murforum Øyvind Buset gjekk på ungdomsskulen, blei han rådd frå å bli murar fordi han hadde for gode karakterar. Muraryrket, som ein gong var godt betalt og hadde høg status i samfunnet, har vore gjennom store endringar gjennom mange tusen år.

Heilt frå før antikken og fram til vår tid har stabling av stein vore den vanlegaste måten å bygge på. Og sidan murarbeidet kom til Noreg på 1000-talet, har murarane bygd hundrevis av kyrkjer, kloster, borger og hallar som framleis står den dag i dag. Det er solide bygningar som har tolt tid, vêr og vind.   

I dette foredraget tar Buset oss gjennom si eiga historie frå eit langt yrkesliv som murar og fagperson. Samtidig gir han oss muraren si noregshistorie, med alt det inneber av kunnskapstap, ein hard byggebransje, teoretisering av faget og – ikkje minst – betong.  

Arrangementet er gratis og blir strøyma direkte.

Her finn du informasjon om heile programmet for handverksfestivalen!

 Velkommen!