Handverksfestival
23
sep

Festtale til hipsteren

En mann som står ute i en park, ser på kamera.
Torgny Amdam Foto: Anne Valeur
Lørdag 23. september 2023, at 15:30 – 16:15
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Festtale til hipsteren
Gratis
Ingen påmelding

Kvar gong du trur du er tidleg ute med noko, kan du sverje på at det dukkar opp ein eller annan trendfetisjist som har drive med det same i fleire år allereie. Han prakkar på deg surdeigsstartar før han syklar av garde med det velstelte skjegget sitt og lastesykkelen full av verktøy og restemateriale som skal bli eit drivhus. Hipsteren irriterer vettet av oss, men kven er han, kvifor vekkjer han sånn motstand, og kor hadde vi vore utan desse importørane av god smak og nye trendar?   

I sin «Festtale til hipsteren» tek musikar, skribent og medievitar Torgny Amdam oss med bak biletet av dei utspjåka posørane og inn i hipsteriet som ei drivande kulturkraft.  

Det er fort gjort å setje folk i bås. Då kan vi le av dei, ta avstand frå dei eller herme etter dei. I foredragsserien «Festtaler» ber vi kjende og kunnskapsrike folk om å halde talar til dei kjæraste stereotypiane våre.   

Arrangementet er gratis og blir strøyma direkte.

Her finn du informasjon om heile programmet for handverksfestivalen!

 Velkommen!