Handverksfestival
14
sep

Etande foredrag: kva åt dei i mellomalderen? 

Illustrasjon av fire menn i kjortler som sitter. Den femte mann kommer med mat.
Illuminasjon fra Codex Manesse, 1305-1340.
Lørdag 14. september 2024, at 15:00 – 16:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Ingen påmelding

Dei åt overraskande godt i Noreg i mellomalderen, for i byar som Bergen blei det handla med varer frå heile verda. Nordmenn fekk til dømes nellik, dadlar og vin i bytte mot tørrfisk og pelsvarer.

Professor i arkeologi Marianne Vedeler har undersøkt matvanar for fattig og rik i mellomalderen, og i dette foredraget fortel ho kor variert dei åt. Undervegs i foredraget deler vi ut smaksprøver laga av vår nye samarbeidspartnar Credo, sånn at du kan få lukte og smake og tygge på det Vedeler fortel om.   

Foredraget er ein del av Nasjonalbiblioteket sin årlege handverksfestival. Sjå resten av programmet her:  

Du treng ikkje billett, og arrangementet er gratis. Vil du sikre deg plass i salen, bør du likevel vere tidleg ute. Vi strøymer foredraget i ein annan sal på huset om det blir fullt.