Handverksfestival
13
sep

Etande foredrag: Brød og smør frå mellomalderen  

Hender elter brøddeig
Surdeig. Foto: Signe Marie Andersen
Fredag 13. september 2024, at 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Ingen påmelding

Professor i arkeologi Marianne Vedeler fortel om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen, og vi skal få smake undervegs. Kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heidi Bjerkan, har bakt brødet og kinna smøret vi får servert.  

I Noreg i mellomalderen åt dei mykje flatt og tørt brød laga på bygg og havre, men kring 1300-talet kom kveiten, surdeigen og bakaromnane til byane. Var du rik, kunne du kjøpe eit stykke brød bakt på speltmjøl og smørje smør utover skiva. Brøda vi et, har alltid spegla politikken og samfunnsstrukturane vi lever under, den gongen som i dag.   

Du treng ikkje billett, og arrangementet er gratis. Vil du sikre deg plass i salen, bør du likevel vere tidleg ute. Vi strøymer foredraget i ein annan sal på huset om det blir fullt. Kafeen er open heile kvelden, og der speler Piggsopp stemningsfull musikk. Utanfor huset kan du dyppe ditt eige talglys.   

Foredraget er ein del av Nasjonalbiblioteket sin årlege handverksfestival. Sjå resten av programmet her!

Velkomen!