Handverksfestival
13
sep

Dypp ditt eige lys av dyretalg

Røde lys med levende flammer i en kirke
Fredag 13. september 2024, at 17:00 – 23:00
Nasjonalbiblioteket – uteområdet
Gratis

Kom til Nasjonalbiblioteket for å dyppe lys! Du kan ta med deg lyset heim eller vere med og pynte det flotte inngangspartiet vårt til fest. 

I mellomalderen blei lysekroner og levande lys stadig meir vanleg, både i kyrkjer og private heimar. Og det var talg frå dyrefeitt som var råstoffet. Mari Agnethe Haugen og Synnøve Nerland kjem frå Hamar Middelalderfestival får å vise korleis du dyppar lys på gamalt vis.   

Verkstaden er ein del av Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket, der temaet i år er nordisk mellomalder med foredrag, panelsamtalar og verkstader. Alle arrangementa på festivalen er gratis.  

Sjå meir om heile programmet her!

Dette arrangementet er også ein del av Oslo kulturnatt.

Velkomen!