Arrangement
16
mar

Dungeons & Dragons: eit eventyr frå mellomalderen

En gruppe på 7 unge folk. I bakgrunnen skimter man et utsnitt av landsloven, og terninger fra Dungeons&Dragons-spillet.
Therese Hansveen, Christian Fredrik Ask, Ahmed Mamow, Aslak Maurstad, Stig Brenner, Oddny Lyngstad Melsæter og Lukas Rønningen Skoe
Lørdag 16. mars 2024, at 13:30 – 18:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Dungeons & Dragons: eit eventyr frå mellomalderen
Gratis
Du treng ikkje billett for å sjå kampanjen, det er berre å møte opp!

Spel-gruppa «Grip terningen» tar over Nasjonalbiblioteket for å gi oss ei Dungeons & Dragons-historie basert på Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Det blir dramatikk og maktkamp, og terningen avgjer kva som kan hende! Du kan oppleve kampanjen live i Målstova på Solli plass. Vi strøymer òg spelet på Twitch, nb.no og Facebook. 

– Det å få spele D & D inspirert av norsk rettshistorie er ei stor ære for oss, seier fangemeister Oddny Lyngstad Melsæter frå «Grip terningen». Ho skriv inn spelkarakterar som kjem opp i ekte problemstillingar frå norsk mellomalder, men det dukkar òg opp ein snakkande hund og ein klumsete magikar!     

«Eg har hatt lyst til å spele D & D lenge, og no gler eg meg til å prøve», seier artist Stig Brenner, som har fått ein av gjesteplassane ved spelbodet denne dagen. Skodespelar Aslak Maurstad og komikar Ahmed Mamow er òg ferske D & D-spelarar, og lovar å gje alt for å vinne.   

Vi fyller opp Kafé Å med brettspel, sjakk og puslespel med mellomaldertema. Kafeen er open heile dagen og arrangementet er gratis. Du treng ikkje billett for å sjå på kampanjen, det er berre å møte opp!  

Same dag klokka 12:00 bør du også sjekke ut denne samtalen om kvifor mellomalderen er et så populært univers i dataspel: Spelara elskar mellomalderen- samtale om fantasi, fiksjon og dataspel

Dungeons & Dragons er eit rollespel som blei utvikla på 70-talet. Fantasispelet er ofte sett i ein mellomalderliknande verd, med forskjellige rollefigurar som skal løyse oppdrag. Spelet blir leia av ein fangemeister, og går føre seg med brett og terningar.    

I år feirar vi at det er 750 år sidan kong Magnus Lagabøte innførte ei felles lovbok for heile Noreg. Landslova gjaldt fram til 1687, og ho forma liva til menneska i Noreg i meir enn fire hundre år. Nasjonalbiblioteket markerer dette med utstilling, podkast og fleire arrangement. Sjå heile jubileumsprogrammet her!