Det poetiske i Jon Fosse sin forfattarskap

Mange av dei litterære stildraga som Jon Fosse har blitt så kjent for – musikalsk rytme, gjentakingar, manglande teiknsetting, ujamn høgremarg – høyrer primært heime i lyrikken. Men Fosse gjer bruk av dei jamvel i dramatikken og prosaen sin. Så har nobelprisvinnaren også beskrive seg sjølv som “poet av legning, men ikkje rein lyrikar» og meint at han er ein poet i alt han skriv, også i essay og artiklar. God prosa og god dramatikk er like poetisk som eit dikt, for poesi er ei nemning for kvaliteten i god dikting, ikkje namnet på ein sjanger, hevdar Fosse.
Kan hende er stunda komen for å sjå nærare på Fosses mange diktsamlingar? Dei er ni i talet og spenner over tre tiår, frå trilogien Engel med vatn i augene (1986), Hundens bevegelsar (1990) og Hund og engel (1992) til Fosses «samskrift» med Henrik Wergeland i Poesiar (2016). Kva er Fosses posisjon i lyrikk-kanonen? Samstundes opnar poesiperspektivet for heilskapen i den mangfaldige forfattarskapen hans. Korleis har bruken av poetiske verkemiddel fornya ikkje berre norsk dramatikk, men verdsdramatikken? Korleis speler det poetiske seg ut i romanane, forteljingane og – for ikkje å gløyme – barnebøkene?
4. og 5. september 2025, parallelt med Fossefestivalen på Det Norske Teatret, ønsker Nasjonalbiblioteket velkommen til konferanse over det poetiske i brei forstand i Jon Fosse sin forfattarskap, kor forskarar, kritikarar, omsettarar og scenekunstnarar drøftar og diskuterer den ferskaste Nobelprisvinnaren vår.
Detaljert program finst her: Last ned program (pdf)
Konferansen er gratis, men påmelding er nødvendig. Lenkje til påmelding kjem snart her.