Manuslokking til konferanse 4. – 5. september 2025
Mange av dei litterære stildraga som Jon Fosse har blitt så kjent for – musikalsk rytme, gjentakingar, manglande teiknsetting, ujamn høgremarg – høyrer primært heime i lyrikken. Men Fosse gjer bruk av dei jamvel i dramatikken og prosaen sin. Så har nobelprisvinnaren også beskrive seg sjølv som “poet av legning, men ikkje rein lyrikar» og meint at han er ein poet i alt han skriv, også i essay og artiklar. God prosa og god dramatikk er like poetisk som eit dikt, for poesi er ei nemning for kvaliteten i god dikting, ikkje namnet på ein sjanger, hevdar Fosse.
Kan hende er stunda komen for å sjå nærare på Fosses mange diktsamlingar? Dei er ni i talet og spenner over tre tiår, frå trilogien Engel med vatn i augene (1986), Hundens bevegelsar (1990) og Hund og engel (1992) til Fosses «samskrift» med Henrik Wergeland i Poesiar (2016). Kva er Fosses posisjon i lyrikk-kanonen? Samstundes opnar poesiperspektivet for heilskapen i den mangfaldige forfattarskapen hans. Korleis har bruken av poetiske verkemiddel fornya ikkje berre norsk dramatikk, men verdsdramatikken? Korleis speler det poetiske seg ut i romanane, forteljingane og – for ikkje å gløyme – barnebøkene?
I september 2023, berre ein månad før Fosse blei annonsert som vinnar av Nobelprisen i litteratur, arrangerte Nasjonalbiblioteket seminaret «Litteratur, teater – eit seminar om Jon Fosse sin forfattarskap». I september 2025, då som no parallelt med Fossefestivalen på Det Norske Teatret, ønsker vi velkommen igjen til ny konferanse over emnet «Det poetiske i Jon Fosse sin forfattarskap». Vi oppmodar med dette til å sende inn forslag til foredrag (20 minuttar) som på eine eller andre måten relaterer seg til emnet for konferansen. Alle aspekt ved forfattarskapen til Fosse, alle sjangrar, litterære, teaterrelaterte eller tverrestetiske, filosofiske, religiøse eller praksisorienterte tilnærmingar, er relevante, så lenge forslaga i ei eller anna form diskuterer det poetiske hjå Fosse i brei forstand.
Vi opnar for foredrag på dei skandinaviske språka og engelsk.
Frist for abstracts (2-300 ord), inkl. kort biografisk skisse (maks 100 ord): 15.02.2025
Vi stadfestar antekne foredrag innan 15.03.2025.
Forslag og evt. spørsmål kan rettast til Rebecca Boxler Ødegaard: rebecca.odegaard@nb.no
For meir informasjon om Nasjonalbiblioteket, samt oppdateringar om konferansen, følg med på heimesida til Nasjonalbiblioteket.
Hovudinnleiarar vil bli annonsert!