14
sep

Adjø solidaritet. Utekino og samtale med Petter Vennerød og Svein Sturla Hungnes

Plakat fra filmen Adjø solidaritet
Fredag 14. september 2018, at 20:00 – 23:15
Nasjonalbiblioteket

Kameratane Atle og Eigil har blitt vaksne og vellukka. Dei tidlegare radikale 68-erane har fylt 40, og motstanden og engasjementet frå ungdommen er bytt ut med velstand og jappetid. Når deira eigne barn minner dei om kampen gjennom 80-talets oppgjer mellom pønkarar og fascistar, møter dei seg sjølve og sine ideal i døra.

Kultfilmen Adjø solidaritet blir rekna som eit av Wam & Vennerøds hovudverk, og er ein del av trilogien «Sangen om den knuste drømmen». Petter Vennerød og Svein Sturla Hungnes, som spelar Atle i filmen, møter Tonje Skar Reiersen til samtale før det blir filmvising under open himmel.

Kl. 20.00: Samtale med Petter Vennerød, Svein Sturla Hungnes og Tonje Skar Reiersen

Kl. 21.00: Utekino: Adjø solidaritet (2 t 15 m. Svend Wam og Petter Vennerød, 1985)  NB! Filmen blir vist utandørs og blir ikkje strøyma.

Hugs at du kan sikre deg gratisbillettar til Nasjonalbibliotekets arrangement. Sjå billettlenkje. Førehandsbillettar kan berre tingast til arrangementet kl 20.00. På utekinoen er det plass til alle.