Veit du kvifor det norske riksvåpenet har ei øks?
Eit av dokumenta i utstillinga om Magnus Lagabøtes landslov gir svaret.
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre tar for seg nokre av dokumenta frå utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024. Først ut er Nidaros-antifonariet. Eit antifonarium er eit pergament som framstiller musikk som skal framførast i kyrkjelege ritual. Musikken frå Nidaros-antifonariet skulle syngast av munkar natt til 29. juli, som er festdagen til St. Olav.