Slik blir pergament til

I mellomalderen laga ein bøker av pergament, ikkje av papir. Pergament er reinsa og tørka skinn av dyr.

I utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024 har vi for første gong samla eineståande handskrivne bøker laga i Noreg i mellomalderen. Dei aller fleste av desse er skrivne på pergament.

Men korleis lagar ein eigentleg pergament? Vi har hatt besøk av konservator ved Det Kongelige Bibliotek i København, Jiří Vnouček, som er ekspert på å lage pergament slik dei gjorde det i mellomalderen. Resultatet kan du sjølv kome og sjå – og kjenne på!

Kanskje du også har interesse av desse: