Sensitive dokument kamuflerte blant nazi-propaganda
Under krigen blei sensitive dokument skrive av utanriksreporteren og anti-nazisten Lise Lindbæk gøymde i kjellaren under Nasjonalbiblioteket.
For å skjule det for nazistane, pakka vener og støttespelarar delar av arkivet hennar inn i nazi-propaganda.
Sjølv var Lise Lindbæk på flukt hals over hovud frå nazistane gjennom Europa og Nordafrika, før ho til slutt hamna i New York. Som Noregs første krigsreportar, var Lindbæk opptatt av nazismen og fascismens framvekst i Europa, og rapporterte blant anna frå borgarkrigen i Spania.