Mannen bak Ginsberg-samlinga
I 1983 kjøpte han sitt første kart i eit antikvariat i Oslo. Sidan den gong samla William Ginsberg over 2000 kart og atlas over Norge og Skandinavia.
Samlinga blei omtalt som verdas største private kolleksjon av sitt slag, og karta var sjeldan utsøkte og fine.
For to år sidan selde amerikanaren den spektakulære samlinga si til Sparebankstiftelsen, som deponerte den i Nasjonalbiblioteket. No er den ein stor del av utstillinga på Kartsenteret som har verdas største samling av kart frå Norge, Norden og nordområda.
https://www.facebook.com/nasjonalbiblioteket/videos/913235379057174/