Kyrkja som statsmakt

PODKAST: Kva politisk, økonomisk og åndeleg rolle spela kyrkja i høgmellomalderen?

I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, og ein åndeleg del der biskopen hadde same rolle. Det var likevel inga enkel og opplagt grense mellom dei to delane av den framveksande statsmakta.

Kva politisk, økonomisk og åndeleg rolle spela kyrkja i høgmellomalderen – korleis var kyrkja med å forme den framveksande statsmakta, korleis prega den jordgodsdanning og handel, og korleis prega kyrkja, som var til stades overalt gjennom lokalkyrkjene, folk sin kvardag?

Lagapodden er produsert av Nasjonalbiblioteket. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Høyr ei ny episode kvar onsdag.

Kanskje du også vil være interessert i disse historiene fra samlingen?