Ein konge i stein

Følg arbeidet til steinhoggar Johannes Klem med å meisle fram kong Magnus Lagabøte.

– Kong Magnus byrjar å sjå på meg. Figuren kjem ut av steinen. Du ser ansiktstrekka.

Johannes Klem er steinhoggar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider og er i ferd med å arbeide fram ansiktstrekka til Magnus Lagabøte frå eit klebersteinemne. Arbeidsreiskapane han bruker – hamar og meisel – er dei same som blei brukte då Magnus Lagabøte levde.

Nærbilde av et par hender som holder hammer og meisel og er i ferd med å hugge ut en kleberstein til en skulptur av Magnus Lagabøte.
Johannes Klem seier han føler seg privilegert som kan hogge
som for 750 år sidan, med hamar og meisel.

Den einaste avbildinga vi har av Magnus Lagabøte som vi med eit visst sannsyn kan seie at liknar på han, byrja ein å arbeide med på 1200-talet, medan kongen levde. Steinskulpturen heng i dag i Stavanger domkyrkje.

I samband med Landslovjubileet bestilte Nasjonalbiblioteket ein kopi av denne skulpturen. Steinen som er brukt, er frå eit klebersteinsbrot på Kvikne. Her henta steinhoggarane ved Nidarosdomen spesielt fin kleberstein til restaureringsarbeid i ei årrekke.

Det ferdige resultatet, skulpturhovudet av Magnus Lagabøte, kan du sjå i utstillinga Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024 på Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Utstillinga på Nasjonalbiblioteket står til 14. september.

Sjå meir om Landslovjubileet her: