Her er bruksutgåva av Landslova
I jubileumsutstillinga for Magnus Lagabøtes landslov stiller vi ut fleire eksemplar av Landslova, men akkurat denne utgåva blei nytta til å døme tjuvar og kjeltringar – i over 250 år.
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre tar for seg nokre av dokumenta frå utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024. I dag er turen komen til Codex Tunsbergensis – eller Tønsbergboka – lova som var bruksutgåva til lagmannen i Tønsberg i meir enn 250 år. Kvifor veit vi det? Jo, fordi her kan vi sjå bruksspor i form av notat og skribleri i margen. Og grunnen til at boka gjekk ut av bruk, er kanskje ein annan enn du trur. Det var ikkje fordi ho var utsliten, eller at innhaldet var utdatert.