Dette var mellomalderens Rolex!

Det finaste statussymbolet du kunne eige, var ei bok.

Kristinapsalteret tilhøyrde søstera til Magnus Lagabøte, prinsesse Kristina, og kan vere blant dei vakraste bøkene som har vore i Noreg.

No kan du endeleg sjå det originale Kristinapsalteret utstilt på Nasjonalbiblioteket. Hittil har det i utstillinga «Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024» vore utstilt ein replika av boka på grunn av den skjøre tilstanden. Men no har originalutgåva blitt behandla av dyktige konservatorar, og dermed får vi lov til å vise fram originalen.

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre tar for seg nokre av dokumenta frå utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024. Av dei gamle lovbøkene som gjaldt i Noreg før Landslova blei innført i 1274, er dette den einaste som fullt ut har overlevd: eit eksemplar av den eldre Gulatingslova. Eigaren er Det Kgl. Bibliotek i København.

Kanskje du også har interesse av desse: