Bringsværds julenisse
Då Tor Åge Bringsværd var liten gut, budde julenissen i pipa hans. Over senga hang hovudet til nissen, og Bringsværd hadde lange samtalar med han.
Det nære forholdet mellom julenissen og Bringsværd skapte frustrasjon då dei møttest ein annan stad, og nissen ikkje kjente han igjen.
Høyr forfattaren fortelle om dette juleminnet, og forundringa han har over fantasiens gåve – har vi mista han?
Denne historia er tatt frå eit lengre foredrag Bringsværd hadde på Nasjonalbiblioteket, om korleis han fann vegen til litteraturen, og til nettopp science fiction. Du kan høyre heile her. Foredraget er også gitt ut i bokform.