Anja Lauvdal hentar musikken fram frå det usynlege
Video
Anja Lauvdal hentar musikken fram frå det usynlege
Komponist og musikar Anja Lauvdal fekk i oppdrag å skape musikk til Fosseforedraget som filosof og teolog Jean-Luc Marion skal halde på Slottet.

Jean-Luc Marion er oppteken av skaparkrafta, og av kvar kunstnaren, eller handverkaren, tek ho frå når kunsten blir skapt.
Anja Lauvdal tek utgangspunkt i Marion sine tankar om kunst og skaping, og tek dei i bruk i sin eigen komposisjon og improvisasjon. Det ferdige stykket skal framførast under Fosseforedraget på Slottet 24. april, og du kan oppleve det via direktestrøyming på nb.no.
Meir om Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar her.