Handverksfestivalen 2024

Nasjonalbiblioteket inviterer denne hausten til den tredje utgåva av Handverksfestivalen, som vil finne stad fredag 13. og laurdag 14. september! I år skal vi utforske handverkstradisjonar frå mellomalderen innanfor tekstil, mat og medisin.

Illustrasjon av trollhegg i grønt og lilla, på mørk grønn bakgrunn.
Trollhegg

Handverkstradisjonane er høgst levande her til lands og ein sentral del av den felles kulturarven vår. Dette er historiekunnskap som sit i hendene, og som knyter oss saman på tvers av landegrenser og tidsperiodar. Nasjonalbiblioteket ønsker å ta vare på handverkstradisjonane gjennom denne årlege festivalen. Vi arrangerer verkstader, foredrag og samtalar som set tradisjonane i eit historisk perspektiv.

Meir informasjon om programmet kjem i august!

Illustrasjon av krekling i hvitt, oransje og grønt, på oransje bakgrunn.
Krekling

På festivalen i år kan du mellom anna farge tøy med planter, plukke urter, lage eigne talglys og spikke, og du kan smake deg gjennom matskikkane frå mellomalderen med brød, smør og graut. Credo, den nye kafédrivaren til Nasjonalbiblioteket og formidlar av norsk matkultur, vil vere på plass til festivalen. Dermed blir dette første gong publikum får oppleve serveringa og aktivitetane deira på Solli plass. 

Kvifor lagar vi ein handverksfestival?

Handverk er kultur, og det å laga ting er kunnskap som ofte går i arv. Handverkstradisjonar har blitt møtt med ein heilt ny interesse dei siste åra. Folk liker å lage ting sjølv, og deler idear og kunnskap med kvarandre, uavhengig av alder og geografi. Men nokre av tradisjonane våre står og i fare for å bli gløymde, mens andre har endra seg så sterkt gjennom tidene at dei knapt er til å kjenne igjen. Gjennom denne årlege festivalen vil vi trekke fram handverk det er verdt å halde på.

nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket finst tusenvis av bøker, tidsskrift og oppskrifter som er digitaliserte og søkbare, og interessa er stor for strikkeoppskrifter, bøker om lafteteknikk og mattradisjonar. 

Illustrasjon av korn i hvitt og oransje, på blå bakgrunn.
Korn

Kva kan du oppleve? 

Dypp ditt eige talglys. Drop-in verkstad   

Med veiker og talg frå dyrefeitt kan du lage lys slik dei gjorde det i mellomalderen.     

Soga om Partalopi, ei forteljing om trolldom og kjærleik      

Denne franske romanen var ei av mange historier som blei omsett til norrønt og fortalt i lystige lag i Noreg i mellomalderen. Førsteamanuensis Stefka G. Eriksen gir oss ei innføring før vi får ei framføring av historia.    

Dufter og musikk med DJ Piggsopp   

 Kunstnar Simon Daniel Tegnander Wentzel aka DJ Piggsopp speler stemningsfull musikk inspirert av mellomalderen.   

Etande foredrag: Brød og smør frå mellomalderen 

 I dette foredraget fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen, og vi skal få smake undervegs.

Medisin og magi i mellomalderen  

 Eit foredrag om plantebruk og urtemedisin, bønn og magiske formlar.

Plantevandring og urteverkstad  

 Klosterhagar og ville vekstar – plukk og lær om plantebruk i mellomalderen.  

Plantefarging i mellomalderen. Verkstad   

Farg brodergarn med krapprøter og bjørkeblad, slik dei gjorde det i mellomalderen.  

Doudji-verkstad: sy i fiskeskinn   

I denne verkstaden får vi eit foredrag om garving av skinn, før vi får sy i skinnet og pynte det med kråkesølv og reinpels.  

Spikk di eiga grautsleiv. Drop-in verkstad  

 Norges Husflidslag stiller med knivar og gode treemne.   

Etande foredrag: Kva åt dei i mellomalderen?   

 I dette foredraget deler vi ut smaksprøvar slik at du kan få tygge, lukte og smake på det dei åt den gongen.   

Det vanskelege kjøtet, panelsamtale om daude dyr som mat, før og no. 

Bonden, filosofen, historikaren og vegetarianaren diskuterer tabu og trendar kring kjøtet.