Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar
Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar
I desember 2023 blei det annonsert at regjeringa heidrar nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse med eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar, i regi av Nasjonalbiblioteket.
Fosseforedraget skal, i tråd med virket til Fosse, setje litteraturen og dramatikken i seg sjølv på dagsordenen. Forelesaren vil vere ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som yter eit viktig bidrag til forståing eller formidling av litteratur på verdsbasis.
Fosseprisen skal delast ut i samarbeid med NORLA, og vil gå til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk. Prisen skal vere ei hyllest til omsetjarar som arbeider med det norske språket, og som i virket sitt er med på å gjere norsk litteratur tilgjengeleg internasjonalt.
Med Fosseforedraget og -prisen får vi ein ny årleg kulturtradisjon som bringar verdslitteraturen til Noreg og norsk litteratur til resten av verda.
Nasjonalbiblioteket er i full gang med planlegginga av både Fosseforedraget og Fosseprisen, og vi gleder oss til å fortelje dykk meir om prosjektet. Vi oppdaterer fortløpande med ny informasjon.
Har du spørsmål om Fosseforedraget og/eller Fosseprisen?
Ta kontakt med prosjektkoordinatoren vår, Martine Jonsrud: martine.jonsrud@nb.no / 45 11 16 35.