INNHOLD:
På nordvestlandet, utpå ei øy kalla Eikøy, og inne på fastlandet, ein stad kalla Ramvik, driv hovudpersonane fram og attende for å gå på arbeid eller få gjort nødvendige ærend, med og imot seg sjøl og andre - og imot ver og vind.
Det handlar om kjærleik og hat, om å vere ein sjalu og alkoholisert trygdesjef, om å klare av overgangsalderen utan for mange valium, om å vere pensjonert postopnar og sjå sine ungdoms idealar gå i oppløysing, om å avfolke ei øy utan at nokon merkar det, om å bli gravid og prøve å få abort, om å sjøne noko av den bakvendte logikken som styrer kjenslene og handlingane våre, og om å ha vilje til å forandre denne verda, så kjærleikens vilkår skal kunne bli betre. Eit lite lokalsamfunn som blir sårbart når storkapitalen gjer sitt inntog, for det er spørsmål om ein forsyningsbase for den komande oljeverksemda i havet utanfor som skapar manglande tryggleik om framtida for bebuarane.
I to dagar får vi glimt av korleis mange av oss har opplevd og overlevd Norge i syttiåra.
(Redigert fra filmens programhefte)