INNHOLD:
Ambros Førnes eig to store gardar og fire hestar så spræke og skinande svarte at alle kjenner dei. Desse hestane kjem etter kvart til å fylle livet hans, fordi den unge vakre kona hans i andre ekteskapet, Lisle, ikkje greier å elske han slik som han elskar henne. Lisle kan ikkje gløyme Bjørnskinn, den ljose, staute guten ho ein gong var glad i, han som skulle bli diktar, men som valde livet på landevegen då han ikkje fekk henne.
Då Bjørnskinn ein dag finn vegen til bygda att, kjem det til dramatisk oppgjer på Førnes mellom Ambros og Lisle, og ofselege krefter får makt over menneska på garden mellom dei to vaksne born frå fyrste ekteskapet åt Ambros, Viv og Leiv, som båe har arva den farlege lidenskapen for spel og hestar, og dei to små borna til Ambros og Lisle, Mabb og Kjell.
(Fra programheftet)