INNHOLD:
Ho kjempar mot Staten og energigigantane for å bevare unik norsk natur. Arrestasjonen av bunadskledde Synnøve Kvamme blei sjølve symbolet på mastemotstanden i Hardanger. Synnøve er villig til å gå i fengsel for å redda naturen i heimbygda. Dette er Davids kamp mot Goliat. Ikkje sidan protestane mot utbygging av Altaelva, har eit naturinngrep blitt møtt med så sterke reaksjonar. Det som starta som ein kamp for urørt natur utviklar seg til å bli ein kamp for sjølve demokratiet.