INNHOLD:
Filmen tek til med ein fiskarheim frå kysten, der heile huslyden ein haustkveld sit med kvar sitt arbeid inne i stova. Bestefaren sit og les i Bibelen. Faren bitt torskegarn. Mora spinn og smågjenta kara ull. Tenestegjenta vev. Yngste sonen arbeider med ein leikebåt på golvet. Eldste sonen sit ved bordet og tegnar ein ny båt på eit stort papir.
Frå sonen vert det eit sterkt krav om en ny båttype og meir moderne seil. Forlis og mannetap på sjøen, har gjennom tidene vore so mange, at det no måtte eit omskifte av båt til. Guten vinn i dette kravet.
Den eldste guten vart trulova og gift med tenestegjenta, som var inne frå fjorden. Dei vert brudevigd i ei gamal steinkyrkje frå 1100-åra.
Ellers ser man bilder frå: båter i bruk på fiskefeltet, gamle rorbuer i fiskeværa, framgangsmåten under fisket og tilvirking av fisken på land, Lofotfisket i gamal og ny tid, gamal brudedans, utvandringa til Amerika, den økonomiske krisa i fisket 1920-38 i Noreg, Auksjon av båtar og hus, selfangst i Ishavet, statistikk over mengda og verdi av fisk og sild frå 1866 til 1955, bilete av minnesmerker over dei som er kome burt på havet, og mye meir ...
(Frå programomtale)