Bokhistoriske samlingar
Dei bokhistoriske samlingane i Nasjonalbiblioteket omfattar bøker både frå den pliktavleverte samlinga, og materiale som er særskild anskaffa, og består av eldre norsk og utanlandsk litteratur frå handpressperioden, dvs. frå ca. 1450 til 1850.
Dei største samlingane er:
- Paleotyper/Inkunablar (1450-1500) og Danske paleotypar/inkunablar (1501-1550)
- Libri rari og danske libri rari (særleg verdfulle og sjeldne bøker, inklusive slike bøker utgjevne etter 1850)
- Utanlandske bøker, inklusive Elsevier-samlinga (1500-1850)
- Alle norske bøker frå 1519-1850
Alle som skal sjå på materiale må underteikne reglement for Spesiallesesalen.
Der materialet finst tilgjengeleg i digitalisert format, vil vi krevje spesiell grunngjeving for å sjå det fysiske eksemplaret.
Søk i samlinga
-
Bibliografiar Oversikt over spesialbibliografiane våre
-
Bruk av biblioteket Informasjon om søk, utlån med meir