Omvising i Opplyst

Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie

Bli med inn på omvisning i permanentutstillinga Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie!

Notida kviler på det som har vore. I Opplyst løfter vi unike, spektakulære og viktige objekt frå norsk kulturhistorie opp frå dei mørke magasina og fram i lyset. Desse objekta representerer augeblikk i den felles historia vår og fortel om store gjennombrot, kreative meisterverk og avgjerande hendingar som har forma ytringsrommet vårt og nasjonen vår.

Samlinga til Nasjonalbiblioteket inneheld store delar av det som er gitt ut for offentlegheita frå 1100-talet og fram til vår eiga tid. Samlinga er det nasjonale minnet vårt, og her hentar vi forteljingar om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Opplyst er ei slik forteljing.

Omvisinga varar normalt i rundt 30 minutt. Du kan reservere plass ved å velje ein av dei ledige datoane i lista under. Skriv inn tal på personar og ei e-postadresse slik at vi kan stadfeste reservasjonen. Maks 15 personar per omvising. 

For påmelding av større grupper,  kontakt oss på e-post.

For information and booking of guided tour in English or German, please contact vanja.odegard@nb.no.

Påmeldinger

Her kan du sikre deg billettar til dette arrangementet.

Ingen planlagte arrangementer