Omvising i huset
Lurar du på kva som skjuler seg bak veggane i Nasjonalbiblioteket på Solli plass?
Blant freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg tek vi deg med på ein runde i huset. Du får høyre om historia til huset, arkitekturen og kunsten.
Reserver plass ved å velje ein av dei ledige datoane i lista under. Skriv inn tal på personar og ei e-postadresse slik at vi kan stadfeste reservasjonen. Omvisinga varar normalt i rundt 30 minutt.
Meld deg på omvisning her:
Andre omvisingar
For påmelding av skuleklasser, kontakt oss på e-post skole@nb.no
For omvising for større grupper, kontakt oss på e-post omvisninger@nb.no
For information and booking of guided tour in English or German, please contact us.