Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 9: To prinsar døyr

Sjølv om Magnus skulle verta kongen som aldri førte krig, førte altså faren krig heile livet. I 1257 var det på ‘an igjen. Då var det danskekongen som hadde yppa seg, flåten vart mobilisert, og kong Håkon 4. førebudde seg på krig.

Men han var uroleg. Dersom han skulle døy, kven skulle då overta trona? Same år døydde nemleg tronarvingen Håkon Unge brått, mogelegvis av lungebetennelse etter å ha ridd over ei elv under jakt.

Han etterlet seg sonen Sverre, men han var berre 5 år gamal. Difor sette Håkon 4. i scene ei spontan kongehylling av prins Magnus. Slik fekk kongeriket nokon som kunne sjå til Sverre sine interesser til han vart myndig. Men i 1261 døydde Sverre like brått som faren.

Magnus, som i beste fall var tenkt å vera verje for sin umyndige nevø, var brått den neste til å ta over trona etter kong Håkon 4.