Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Kremhvit bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 8: Ein fredsæl konge

Første gong vi vert kjende med prins Magnus i Soga om Håkon Håkonsson, er då han 14 år gamal hentar Krossuden. Dette var faren, kong Håkon 4., sitt største krigsskip.

Over 40 meter langt, 10 meter høgt og om lag like breitt. Det var rodd av 120 mann, og kunne i tillegg romma like mange soldatar. Det var med andre ord ei flytande festning, og truleg det største krigsskipet utanfor Middelhavet.

Men der Håkon 4. var i krig store delar av regjeringstida si, skulle Magnus aldri verte ein krigarkonge. Faktisk er han den einaste kongen i norsk mellomalder som ikkje førte krig.

Alle riket sine ressursar brukte han i staden på å laga lovbøker, for på den måten å skapa eit samfunn etter Guds vilje.