Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 6: Fransiskanarane 

Prins Magnus vart døypt 3. mai 1238. To år seinare etablerte fransiskanarane eit kloster i Bergen.

Fransiskanarane var munkar som følgde eksempelet til Frans av Assisi og levde i fattigdom og hjelpte dei elendige. Ifølgje ei skotsk krønike fekk Magnus undervisning av dei.

Han vart seinare ein from konge som bygde hospital til dei fattige og elendige, som testamenterte bort store summar til dei, som gav dei fattige rett på almisser, og som laga lover som fremma dei fattige sine interesser.

I ånda ser det ut til at Magnus vart verande ein fransiskanar heile livet, og det han lærde av munkane, skulle verta avgjerande for lovsamlingane han seinare vart kjend for.