Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Gullbakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 5: Kongen som ikkje skulle verta konge

Kong Håkon 4. vart alt 15 år gamal forlova med Margrete, dotter til rivalen hertug Skule. Dei vart gift i 1225.

I mellomtida fekk kongen to barn med Kanga Unge, ei kvinne vi ikkje veit noko om, men som kan ha hatt samisk bakgrunn. Barna deira vart verande ved kong Håkon 4. sitt hoff.

Med dronning Margrete fekk Håkon 4. først sonen Olav, som døydde tidleg. Deretter fekk dei sonen Håkon Unge, som vart hylla som konge saman med faren, berre sju år gamal, i 1239.

Dottera Kristin vart fødd i 1234, og vart seinare gift med prins Filipe i Castilla i dagens Spania. Til slutt vart Magnus fødd, i 1238, han som seinare skulle få tilnamnet Lagabøte.

Som det yngste barnet til Håkon 4., var han ikkje den med best arverett til den norske trona. Han var veslebroren som eigentleg ikkje skulle verta konge.