Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Lys blå bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 3: Borgarkrig i Noreg

Vesle Håkon 4. vart til slutt norsk konge – mot alle odds.

Fleire andre personar med makt gjorde i desse åra krav på den norske trona. Men mellomalder er mellomalder – ein levde tettare på livet og døden då.

Då kong Inge 2. døydde utan ein ektefødd son, vart Håkon hylla som konge i Trondheim i 1217 i konkurranse med den avdøde kongen sin onkel og nevø. Han var då berre 13 år gamal. Men han var enno ikkje konge i heile landet, og hadde fleire rivalar.

I løpet av dei ti neste åra drap eller inngjekk kong Håkon 4. forlik med seks av dei. I 1240 drap han til slutt sin eigen svigerfar, hertug Skule, som hadde vore  ein av rivalane til trona alt i Trondheim i 1217.

Då var borgarkrigane som hadde herja Noreg i over 100 år, over. Kong Håkon 4. var endeleg konge over heile Noreg.