Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 23: Den heilage lovboka

Landslova av 1274 er eit europeisk storverk. Lovboka plasserer kong Magnus i det politiske toppsjiktet i Europa i si samtid. Men Landslova sin verkelege stordom ligg i at ho faktisk vart brukt, slik at samfunnsreformene vart ein realitet.

Landslova vart i seg sjølv eit symbol på rettferd. Difor finn vi på 1400-talet utsegn om at rettssaker skulle gå for lovboka, og ikkje ein dommar. Det var som om lovboka var ein slags relikvie som i seg sjølv hadde rettferdskraft. Difor ser vi òg at lovboka i 1449 vert omtalt som heilag.

Sjølv kong Magnus vert i eit tilfelle omtalt som heilag i samband med Landslova: «Noregs lovbok og rettarbøter som den heilage kong Magnus og kong Håkon har unt oss.» Det var på 1400-talet at kong Magnus fekk tilnamnet Lagabøte, som tyder «den som gjer lova betre».

Ved sida av Grunnlova er Landslova det lovverket som i størt grad har sett sitt preg på Noreg. 

https://open.spotify.com/episode/1GCiQPmautmtly7N95dsSH?si=58d0f242e6e9401c