Luke 22 — 100 dagar med synd: Julekalender om Magnus Lagabøte
Ein julekalender om Magnus Lagabøte
Luke 22: 100 dagar med synd
I 1279 gav pave Nikolaus 3. avlat i 100 dagar til alle som bad for kong Magnus, dronning Ingeborg og baronane deira.
Det vil seia at dei som bad slik at kongen og hans folk sine sjeler fekk ei kortare tid i skjærselden, før dei kunne vandra vidare til himmelriket, sjølv fekk viska ut 100 dagar med synd.
Dette var eit privilegium som knapt nokon annan konge i Europa på 1200-talet fekk. Paven må ha vore særs nøgd med lovarbeida til den fromme norske kongen.
I hans auge gjorde det Magnus fortent til å slik verta plassert i det absolutte europeiske politiske toppsjiktet på siste halvdel av 1200-talet.