Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 21: Internasjonale bindingar

Det var berre fire kongar i Europa som i mellomalderen klarte å gje ei riksdekkjande lovbok. Kong Magnus var den tredje av dei.

Den første vart gjeven av den tysk-romerske keisar Fredrik 2. av Sicilia i 1231. Den andre av kong Alfonso 10. av Castilla i 1265, som sjølv aspirerte til å verta tysk-romersk keisar. Den tredje var Landslova til kong Magnus, og den fjerde den svenske landslagen frå ca. 1350, som nok var inspirert av den norske landslova.

Det var berre Landslova og den svenske landslagen som faktisk vart brukte i si samtid. Det fortel om eit svært solid politisk og rettsleg handverk. For det å laga lovreglar som store nok deler av samfunnet aksepterer, fordrar politiske kompromiss og smarte lovformuleringar.

Det er lettare sagt enn gjort, både i mellomalderen og i dag. Det er i dette Landslova sin stordom ligg.