Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Lys blå bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 20: Ein prosesjon med landslov

Klokka seks om morgonen 16. juni 1274 gjekk det ein prosesjon frå Logtun kyrkje til Frostating. Her venta fleire hundre menn.

Dei som toga frå kyrkja til tingstaden tidleg på morgonen, minna mest av alt om ein prosesjon der ein bar fram ein relikvie for å sikra seg Guds nåde, velstand og vekst.

Kong Magnus var i ferd med å fylla oppgåva han følte Gud hadde lagt på han: Endeleg skulle Noreg få ei lovbok som skapte orden etter borgarkrigane og dei store samfunnsendringane på 1100- og 1200-talet.

Dette skjedde i hans tolvte år som konge.

Lovboka kong Magnus hadde med til Frostating, var Landslova av 1274. I 1275 vart lovboka overrekt gulatingsmennene, og i 1276 skjedde det same på Borgarting og Eidsivating. Noreg var samla til eitt rike. 

https://open.spotify.com/episode/4zBRZSEo6zmtyGnlQf3VJb?si=690f093565c0425c