Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Kongeblå bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 2: Eit barn er fødd

Kong Håkon 3. fekk ein tronarving etter sin død. Inga til Varteig hadde vore kongen si elskarinne, og fødde sonen hans i 1204 etter han døydde. Sonen vart kalla Håkon etter faren.

Rykta byrja å gå om ein kongsson, og kongen sine fiendar ville ha tak i han. Inga smugla difor den nyfødde sonen nordover frå Østfold til Trondheim, der han ville vera trygg.

Den farlege oppgåva vart gjeven til dei to krigarane Torstein Skeivla og Skjervald Skrukka. Dei bana seg veg gjennom tung snø, gav barnet snø å eta i mangel av anna føde, men nådde til slutt fram til Trondheim.

Den vesle guten visste lite då om maktkampane og dei blodige slaga som skulle liggja framfor han på vegen mot trona…